Facebook Twitter

Lydkåken live 2018

Trollrock har heile tida vore opptekne av å gje lokale artistar speletid på festivalen. No i 2018 er me i Lydkåken Rockeverkstad glade for å kunne samarbeide med Trollrock om eit nytt konsept for sentrumscena på Beitostølen, der me i endå større grad satsar på å gje band og artistar med lokal tilknyting ei scene å stå på.

VM i Trollrock utgår frå i år, men det vert likevel høve til å sjå unge lokale talent, band og artistar frå Lydkåken, kulturskulane og lokalt musikkliv elles i sentrum under Trollrock.

Lydkåken live går føre seg i Beitostølen sentrum, utanfor Sporten og Svingen Pub, laurdag 28.juli frå kl.12-16. 

Program

12.00 Burnouts
12.30 Terje Granli
13.00 Silje Brekke Veltun 
13.20 Nasty Worms 
13.40 Sigrid Warberg Vestheim og Sara Thon 
14.00 Thea Tronsplass
14.45 SKAM
15.30 Mute the Machinery

Gratis inngang

Arr. Lydkåken Rockeverkstad, Trollrock og Barcraft