Facebook Twitter

🌟Dumpster Divas🌟

To jenter å sjå opp for – Dumpster Divas er årets “one to watch” på Trollrock!

Trollrock ynskjer å presentere ny musikk av høg kvalitet og nytt av året, er ”Årets One to watch” Dette er duoen Dumspter Divas med røter i Valdres. Dei set dagsorden med sin samfunnsengasjerte musikk.

Dumpster Divas er ein duo beståande av to samfunnsengasjerte damer som ynskjer å gjere verda til ein betre plass – både for dyr og menneske.  Helle og Trine møttes for fyrste gong hausten 2015, og etter dette har dei spelt i lag. Dei har begge busatt seg på Voss for å komme nærare naturen, og har mange songer både om og for naturen. Bandnamnet blei til for å inspirere andre menneske, og ikkje minst butikkane, til å gjere nytte av den fullgode maten som vert kasta. Når dei ikkje speler i lag jobbar Helle som lærar, og Trine er sjukepleiar på veg til å bli jordmor.

Det meste av musikken dei speler er eigenkomponert, men dei speler òg nokre låter av menneske dei ser opp til.
Sjangeren dei speler kan seiast å kome innunder båe americana, folk og singer/songwriter-stilen.
 
Dumpster Divas har spelt på ein rekke arrangement som til dømes Raftopriskonferansen, Fryktlausfestivalen, Indiefjord, Nasjonalparkfestivalen og Myrkleik fjellfestival.

No comments yet.

Kommenter